logo
logo logo logo
Årsmøte 2013 i Gloppen

Årsmøte 2013 i Gloppen

Avdeling Sogn og Fjordane hadde årsmøte og medlemsseminar på tradisjonsrike Gloppen hotell i Nordfjord den 26. og 27. februar 2014

AVYO avdeling Sogn og Fjordane hadde årsmøte og medlemsseminar på tradisjonsrike Gloppen hotell i Nordfjord den 26. og 27. februar 2014. Tore Thorsnes (fylkesdirektør i Sogn og Fjordane), Vanja Thorvaldsen (AVYO sentralt) og Liv Dragsten (AVYO sentralt) var invitert til å ha innlegg på medlemsseminaret. 

Årsmøte 2013
Oppmøtet må seiast å vera godt med 31 deltakarar, som er ei god auke frå førre årsmøte. Dette er truleg eit resultat av den gode innsatsen som medlemmane i Sogn og Fjordane gjorde i forhold til verving i fjor. Vanja Thorvaldsen og Liv Dragsten var med frå AVYO sentralt. Årsmøtet vart som vanleg leia av veteran Jan Sætre. Odd Arne Tveito frå NAV Økonomiteneste vart vald til ny styreleiar etter Sjur Olav Sandal som har hatt permisjon sidan sommaren 2013. Resten av styret vert sitjande også i 2014.

NAV mot 2020
Tore Thorsnes var invitert for å dele sine tankar om NAV mot 2020. Thorsnes starta sitt innlegg med å sjå tilbake på etableringsprosessen frå starten i 2006 og fram til i dag. Deretter såg han på status pr. dags dato. Vi blir litt betre for kvar dag, men vi har masse å hente på kvaliteten i oppfølgingsarbeidet, og kontakten med arbeidslivet må bli betre. Han var tydeleg stolt over korleis vi i Sogn og Fjordane hadde løyst den utfordrande jobben med konvertittane som beste fylke i landet. Thorsnes var også nøgd med spesialiseringa i NAV Forvaltning, og var sikker på at denne omorganiseringa ville vera positivt for NAV.

Hovudtariffoppgjeret, organisasjonsutvikling i YS og sikkerheit i NAV
Vanja Thorvaldsen og Liv Dragsten frå AVYO sentralt var bedt inn for å snakke om hovudtariffoppgjeret. I tillegg ga dei oss ein statusoppdatering på organisasjonsutviklinga i YS og sikkerheita i NAV.

Hovudtariffoppgjeret
Dei informerte om at fylkesavdelingane hadde sendt sine innspel i høve hovudtariffoppgjeret til AVYO sentralt, som vidaresender desse til YS. YS og dei andre hovudorganisasjonane leverer sine krav til arbeidsgjevarane sine partar 7. april, og deretter blir det forhandlingar fram til 30. april. Eit av spørsmåla det har vore diskusjonar om, er livsfasepolitiske verkemiddel for dei som har vore ute i foreldrepermisjon. Statistisk tapar dei som har vore ute i foreldrepermisjon eit lønnstrinn for kvar permisjon. Under forhandlingane vil det også bli forhandla om det skal settast av ein pott til lokale lønnsforhandlingar. Dersom det blir slike forhandlingar til hausten, er det viktig at medlemmane sender inn innspel om kva kriterier som skal leggjast til grunn for forhandlingane. Det er også viktig at kvar einskild medlem har lønssamtale med leiaren sin. Det vart ein god diskusjon kring utfordringane med at nytilsette vert innplassert høgre enn mange av dei som har arbeidd lenge i etaten. AVYO Sogn og Fjordane må jobbe vidare med å løfte dei som har vore i etaten lenge og som ligg i lågt lønnstrinn.

Organisasjonsutvikling i YS
AVYO har sendt innspel til YS om avdelingsstyra sine tilbakemeldingar om YS si organisasjonsutvikling. Gjennom organisasjonsutviklinga vil YS bli sterkare, meir handlekraftig og attraktiv. Thorvaldsen og Dragsten la fram AVYO sine tankar om korleis ein skal bli meir synlege og få større politisk slagkraft.

Sikkerheit i NAV
Den 3. mars skal MBA sentralt diskutere forslaga frå arbeidsgruppa som har jobba med sikkerhet i NAV. Nokre tiltak kan gjennomførast på kort sikt, andre på lengre sikt. Blant forslaga er at det blir utarbeidd nye minimumskrav til fysisk utforming, mellom anna i forhold til utforming av publikumsarealet, rømmingsvegar på samtalerom og alarm.

God mat og godt selskap gir ei god oppleving
Gloppen hotell profilerer seg med servering av kortreist mat frå Nordfjord. Denne matopplevinga fekk vi også ta del i dei to dagane vi var samla på hotellet. Stemninga mellom deltakarane var god – det er alltid kjekt å treffa gode kollegaer som ein ikkje har snakka med på ei stund, og bli kjend med nye. Samlinga gav rom for diskusjon av viktige tema og erfaringsutveksling av kvardagen som NAV-tilsett. AVYO avd. Sogn og Fjordane fekk 28 nye medlemmar i 2013, og fleire av dei var med seminaret.

Copyright © 2017 AVYO | Bruk av informasjonskapsler
Design og utvikling av Team Data System AS - Powered by Ability.NET

Menu